Magasinet Mitt Ryfylke - avsendar er Ryfylkealliansen, produsert av Norsk Plan. Magasinet kjem ut gratis i seks Ryfylke-kommunar.
Kalenderen Ryglimt 2014 er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Plan og Fotograf Nordtveit.
Finnvik Bilteknikk - ny nettside med Joomla
Heimlund Bygg på Finnøy - ny nettside med Wordpress og responsiv bildekarusell
Avisa til Villmarksmessa i Etne: Grafisk utforming og klargjering til trykk.
Er du vår nye kollega?
Huset under Valnøttreet - redesign
Norsk Plan har fått ny adresse: Sandsvegen 134, 4230 SAND. Kom gjerne oppom oss i nye lokale på Garaneset!

Facebook

Pressemelding: Ragnhilds Garn og klær: – Kundegrunnlaget blir mykje større med nettbutikk

– Det du treng for å starte ein nettbutikk er eit varelager, ein datamaskin og pågangsmot. Du kan få ein nettbutikk oppe og stå på relativt kort tid, og driftskostnadane med nettbutikken er små samanlikna med ein fysisk butikk, seier webdesignar i Norsk Plan, Toyni Tobekk.

Ragnhild Roalkvam driv butikken Ranghilds Garn og klær på Sand i Ryfylke, for 4 månadar sidan etablerte ho også nettbutikken ragnhilds.no. Nettbutikken er utvikla og levert av kommunikasjonsbedrifta Norsk Plan. Erfaringane med nettbutikken er gode, og har styrka drifta til Roalkvam, i løpet av perioden har ho hatt omlag 60 ordrar i nettbutikken.

– Eg er veldig godt nøgd med nettbutikken. Mange av kundane er nye og kjem frå heile landet, til dømes frå Oslo, Bergen og Nord-Noreg, eg trur mange av dei bur på små stadar, seier Ragnhild og viser til at mange av kundane i nettbutikken kjem attende.

– Dei er nøgde med å få varene så kjapt levert og at dei får god service. Eg trur ein må bygge ein nettbutikk sakte, men sikkert opp. Det handlar om å ta vare på kvar enkelt kunde, seier ho.

– Med ein nettbutikk kan butikkar og bedrifter på små plassar skaffe seg eit ekstra bein å stå på og dermed kan ein auke kundegrunnlaget sitt monaleg, slik nettopp Ragnhilds butikk er eit godt døme på. No har ho ikkje berre Suldal kommune med sine 4000 innbyggjarar som potensielle kunder, heile Noreg er kundegruppa hennar, seier Tobekk

Ragnhild legg vekt på at det er viktig med rett kompetanse når ein skal starte opp ein nettbutikk. Ho meiner det er naudsynt å investere både tid og penger i oppbygginga av butikken og legg vekt på at det er ein fordel å bruke ei lokal bedrift som det er lett å kontakte dersom det skulle dukke opp problem. I tillegg må ein heile tida utvikle produktet for å halde butikken levande og oppdatert. Noko som i følgje Roalkvam er mykje arbeid.

– Det er ein veldig fordel å få til ein nettbutikk. Marknaden opnar seg på ein heilt annan måte og kundegrunnlaget blir mykje større. Eg trur det er mange som bestiller på nett nå, i staden for å gå i butikk, slår Ragnhild fast.

 

Nettbutikken til Ragnhild: www.ragnhilds.no

 

Les meir om kommunikasjonsbedrifta Norsk Plan på www.norsk-plan. Følg oss også gjerne på facebook.com/norskplan eller twitter.com/norskplan

 

For meir informasjon

ta kontakt med

Ragnhild Roalkvam

92 06 51 76

 

Toyni Tobekk

Webdesignar hjå Norsk Plan

982 21 410

Norsk Plan as - Sandsvegen 134 - 4230 SAND - 52 79 04 80 - Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.