Norsk Plan, Kommunikasjonsbedrifta i Ryfylke.
Me held til i Næringsbedet i Vatlandsvåg, Suldal kommune, og er åtte tilsette.
Kundane våre vil kommunisere med omverda. Me lagar nettsider, aviser og magasin, driv pressearbeid, utviklar grafisk profil og logo, lagar brosjyrar og reklamemateriell og skipar til konferansar.
Med utgangspunkt i kunnskap og kompetanse - har vi opparbeidd oss ein god kundekrets. Kundane våre finn du ikkje berre i Ryfylke, men over heile landet. Og vi vil gjerne ha fleire!
Styret: Henrik Aakre, Tysnes, styreleiar, epost:
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Elisabeth Kallevik Nesheim, Vindafjord, styremedlem Aud Hege Jørgensen Hebnes, Sauda, styremedlem Sverre Underbakke, Suldal, styremedlem Arild Hebnes, Suldal, styremedlem
Selskapet vart skipa 17. november 1997. Aksjane er teikna av private investorar, lag og organisasjonar: Bjørn Inge Sætre Olav O. Randen Arild Hebnes Bøndenes Hus AS Sigrun Høgetveit Berg Tor E. Torbjørnsen AS Noregs Mållag Henrik Aakre Jan Magne Dahle Nynorsk Pressekontor Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) Landslaget for Lokalaviser (LLA) Tømmerflåt AS Toyni Tobekk Ellen Marvik Veggeberg Ola Hauge Bente Kjos-Wenjum
Norsk Plan as var Gasellebedrift i 2007. Same året fekk vi utmerkinga Årets Suldalsbedrift. Utdrag frå grunngjevinga: "Ved å ta i bruk ny og moderande teknologi saman med høg kompetanse, har Norsk Plan AS bygd opp ei mønsterbedrift heilt etter læreboka for god distriktsutvikling. Gjennom eit imponerande nettverk er Norsk Plan AS nå kjent over store deler av landet og gir på den måten god marknadsføring av Suldal."
Den siste Dun & Bradstreet rapporten frå 2009 gjev oss ratingen AAA, som er høgaste oppnåelege score.
Norsk Plan as er ei IA bedrift. IA er forkorting for ”inkluderande arbeidsliv”, og har sitt opphav frå Intensjonsavtalen mellom regjeringa og arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane om eit meir inkluderande arbeidsliv. Målet med avtalen er at alle som vil og kan arbeide skal få høve til det. Ei IA-bedrift er ei bedrift som har teikna ein samarbeidsavtale med NAV, og dermed forplikta seg til å arbeide for måla i intensjonsavtalen.
|