Referansar

Vegen

VEGEN: «Vegen» har blitt eit magasin som eg som prosjektleiar i Næringsprosjekt Nasjonal turistveg Ryfylke er stolt over, og som på ein framifrå måte informerer om turistvegen og viser kva potensial vegen gir for besøksnæringa.  Norsk Plan har gjort ein særdeles god jobb med innhald og formgiving, og eg vil spesielt framheve det gode samarbeidet vi har hatt.

Tilbakemeldinga frå Helge Stikbakke, strekningsansvarleg for fleire strekningar Nasjonal turistveg, – er at magasinet er godt redigert og at det vil vera eit eksempel for næringsliv, kommunar og fylkeskommunar i andre dalstrøk.

Eva Kristin Aune, prosjektleiar Næringsprosjektet Nasjonal turistveg Ryfylke


BondeheimenHOTELL BONDEHEIMEN: Me har i fleire år hatt eit ynskje om å fornye Best Western Hotell Bondeheimen og Kaffistova sine nettsider. Dei gamle sidene representerte ikkje den bedrifta me har fornya oss til å bli dei siste åra, og valet av Norsk Plan kom etter en anbodsrunde med heile åtte nettsideleverandørar i Noreg. Norsk Plan kunne tilby moderne sider til ein fornuftig pris, og det speglar også vårt produkt.
 
Me forventar at dei nye sidene vil gi gjestene våre ein forsmak på stemninga dei møter når dei besøkjer oss, og at sidene representerer kulturen og historia vår. I tillegg håpar me at sidene vil bli eit godt verktøy for marknadsføring.

Nina Brandanger Baroudi, hotelldirektør på Best Western Bondeheimen


riksRYFYLKE IKS: Nettsidene til Ryfylke IKS er leverte av Norsk Plan. Bedrifta har òg vore engasjert i arbeidet med merkevareprosjektet Ryfylke: Norsk Plan hadde det redaksjonelle ansvaret for avisa Ryfylkemagasinet og hadde – i godt samarbeid med Ryfylke Livsgnist – ansvaret for å fylle nettstaden ryfylke.no med tekst og bilde, i tillegg til drifting av nettstaden det første året.

Norsk Plan er no vald som leverandør for ryfylkealliansen sin nye nettløysing ryfylke.no. Dei blei valde fordi dei kom best ut i konkurransen med andre tilbydarar. Vi er godt nøgde med dialogen og arbeidet.



fargespillFARGESPILL: Norsk Plan har i samarbeid med designeren Åse Huus og Fargespill utforma nettsiden vår. Vi ville lage en side som både skulle fange interesse gjennom det kunstneriske uttrykket, være oversiktlig og tydelig, samt gå for en løsning som vi enkelt kunne redigere selv. Behovene melder seg gjerne etterhvert når man er i en slik prossess, og Norsk Plan var hele tiden villige til å imøtekomme våre ønsker underveis. Vi hadde en meget god dialog og opplevde samarbeidet svært tilfredsstillende.
Jeg anbefaler gjerne Norsk Plan for andre.

MVH, Kjersti Berge, prosjektleder for Fargespill.


 

lnkLANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR: LNK har gjennom dei siste ti åra kjøpt informasjonstenester av Norsk Plan. Tenestene har inkludert drifting av nettstaden LNK.no og ansvaret for å gi ut LNK-avisa seks gonger i året. I tillegg driv Norsk Plan ein del generell rådgjeving. Tenestene inkluderer administrasjon og planlegging, pressearbeid, journalistikk, lay-out, og grafisk arbeid. Norsk Plan har vore tekniske arrangørar for landstinget dei siste åra. Norsk Plan har elles unik kompetanse i kunstnaren Gerhard Stoltz, som er knytt til selskapet.

Vidar Høviskeland, LNK




diktarvegenDIKTARVEGEN: De hadde ansvaret for konferansen Diktarvegen i Ulvik 2009, og skal vera arrangør i Balestrand i 2011. Vi var svært nøgde med dykk i fjor. De byggjer også nettstaden diktarvegen.no.

Vi valde Norsk Plan as fordi de har gjort fleire jobbar som vi har vore svært nøgde med. De leverer til avtalt tid, de er profesjonelle, de gir gode tips og tilbakemeldingar undervegs, og de er svært positive og hyggelege! Kan anbefalast på det varmaste!


Marny Skeie Henkel, Diktarvegen



vikedal mur anleggVIKEDAL MUR OG ANLEGG: Me i Vikedal Mur & Anlegg AS er godt nøgde med nettløysinga til Norsk Plan. Lasse lagde eit forslag til nettside, og så kom me med innspel til endringar og justeringar. Då me var blitt einige om korleis den endelege sida skulle sjå ut, fekk Lasse oversendt bilder og tekst frå oss, som han la ut på nettsida. Deretter fekk me opplæring i korleis me sjølv kan oppdatera sida vår. Dette er i grunnen svært enkelt, og sjølv for meg som ikkje hadde vore noko borti produksjon av nettsider før, gjekk det heilt greitt å setja seg inn i korleis ein redigerer sida. Dersom det dukkar opp problem, som eg ikkje klarar å løysa, veit eg at hjelpa berre er ein telefon vekke. Dessutan synest eg at nettsida er oversiktleg og fint utforma. Så eg kan trygt anbefala andre å nytta Norsk Plan når det gjeld å få seg si eiga heimeside.

Helsing Vikedal Mur & Anlegg AS, Hans Ilstad jr.



haugesenteretHAUGESENTERET: Norsk Plan har utarbeida grafisk profil, og nettstad for Hauge-senteret. I tillegg har Hauge-senteret nytta Norsk Plan til å laga forfattarsidene for Olav H. Hauge. Det er i stor grad Norsk Plan som har samla inn det rikhaldige materialet, og sidene er blitt ei skattkiste med Olav H.
Hauge-stoff! Det at dei har god litteraturfagleg kompetanse har sikra at det er god kvalitet på innhaldet. Det har også vore viktig for oss at dei har
god språkleg kvalitet, og sjølvsagt at dei skriv på nynorsk.

Guro Ljone, prosjektleiar, Hauge-senteret

Norsk Plan as - Sandsvegen 134 - 4230 SAND - 52 79 04 80 - Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.