|
|
|
|
|
|
Vil du fortelje noko? Ynskjer du å få kontakt med media, arrangere ein konferanse eller lansere ei ny nettside? Felles for våre kundar er at dei ynskjer å kommunisere med omverda. Norsk Plan kan bidra i heile denne prosessen, frå ide til ferdig produkt.
Me produserer nettsider og aviser, driv pressearbeid, skipar konferansar og gjer informasjonsarbeid. Med utgangpunkt i ein brei kompetanse og eit godt nettverk finn me fram til dei beste løysingane saman med kunden.
|
Sosiale medium

Har du lyst til å ta sosiale medium i bruk, men er usikker på korleis du skal kome i gang?
Norsk Plan kan hjelpe deg med å : - kartlegge kva arenaer som er aktuelle for dykk - kartlegge kva saker det er naturleg å blogge, twitre og snakke om - lage rutinar for bruk av sosiale medium: kva skal seiast, når skal det gjerast, kor mykje tid har vi til dette og kven skal seie det - lage eit regelverk for handtering av sosiale medium som både ivaretek tryggleiken samstundes som de får tydelege stemmer ut - kome i gang med ei Facebookside, ein Twitterkonto eller ein blogg - bistå med generelle råd knytte til kommunikasjon og språk OPP
|
Nettsider

Norsk Plan as tilbyr nettsider til bedrifter,organisasjonar og grendalag m.m. Me tilbyr nettsider med publiseringssystemet Joomla til gunstige prisar. Me kan også oppdatera og utvikla ei allereie eksisterande nettside. Ta kontakt for å få spesialsydd ei nettside tilpassa dine ynskje. OPP
|
Aviser

Norsk Plan as gir ut LNK-avisa seks gonger i året. I tillegg tek me på oss andre avisoppdrag som t.d Nashornet og Fjordvegen. Me tilbyr alt frå redaksjonelt arbeid, foto, desking fram til ferdig trykt produkt. Norsk Plan leiger ut journalistar, og kan også ta enkeltoppdrag for ulike redaksjonar. OPP
|
Grafisk

Norsk Plan as utviklar grafiske profilar for prosjekt, organisasjonar og bedrifter. OPP
|
Pressearbeid
Kunne du tenkje deg å fortelje kva som skjer i bedrifta di til media? Norsk Plan driv pressearbeid for ulike kundar; det kan vere både bedrifter, organisasjonar eller arrangement. Me har eit godt nettverk i både lokal, regional og nasjonal media, i tillegg har me god oversikt over kva som rører seg i mediebiletet. Norsk Plan lagar ein strategiplan for pressearbeidet saman med kunden, deretter lagar me pressmeldingar og held kontakten med media og kunden. I etterkant får kunden ein rapport som viser kva resultat pressearbeidet gav.
OPP
|
Annonser

Norsk Plan utviklar annonser til trykte og digitale medier. OPP
|
|


Norsk Plan as utviklar ulike trykksaker; informasjonsbrosjyrar, t-skjorter, visittkort, nøkkelringar, plakatar, flyers, kalenderar m.m. OPP
|
Redaksjonelt arbeid

Norsk Plan as står for det redaksjonelle ansvaret og innhaldet på fleire nettstadar. I tillegg jobbar me med journalistisk arbeid til avisproduksjon og pressearbeid. OPP
|
Forfattarnettet
 Forfattarportalen er utvikla av Norsk Plan. Målet med nettsidene er å gi grundige presentasjonar av utvalde forfattarar.
Meininga er at ein på forfattarnettet skal møte kunnskap om forfattaren og forfattarskapen. Det er også meininga at forfattarnettet utover dette skal gi eit godt grunnlag for vidare akademisk arbeid. Samstundes er det lagt vekt på at portalen skal gje lesaren noko meir, og at ein gjennom tekstar, lyd, bilete og film skal få ei raus og omfattande oppleving av forfattaren.
Du vil også finne eit lett tilgjengeleg arkiv med leksikalske opplysningar; biografi, bibliografi, tidslinje, bokmeldingar med meir. Fleire forfattarar vil verta presenterte på portalen, og me har allereie starta arbeidet med den neste presentasjonen. Rasmus Løland og Olav H. Hauge er alt presenterte på forfattarnettet medan Arne og Hulda Garborg er under arbeid. OPP
|
Kurs og konferansar
>

Me kan vere teknisk arrangør av kurs og konferansar. Dette er jobbar me gjer/har gjort for LNK sitt landsting, Diktarvegen, Ryfylkevegen m.fl. OPP
|
|
Prosjektleiing

Norsk Plan har vore prosjektleiar for mange ulike prosjekt. No sist for Kvitebjørnen. OPP
|
|
Kartlegging/Marknadsundersøking/Brukarundersøking

Med vårt kartleggingssystem kan du sende ut enkle eller komplekse spørjeundersøkingar via nettsida di eller på e-post. Enkelt å bruke, enkelt å forstå. OPP
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|